Arkivfoto/pressefoto

13.dag jul: 6.januar, er for mange små dagen der ein kler seg ut og vekslar song mot snop. Slik vert det ikkje i år.

Ordførar Harald Rydland ber folk om å halda ungane heime i år.

– Me i kriseleiinga tykkjer ikkje det er forsvarleg å senda ungane rundt i år, i lys av dei nye nasjonale reglane og råda, opplyser Rydland.

– Det er sjølvsagt synd for borna som har gleda seg, men kanskje ein kan kjøpa inn noko godt å kosa seg heime i staden.

Rydland fortel at kriseleiinga vil koma attende med meir informasjon seinare i kveld.

– Det var mykje å diskutera i dag etter dei nasjonale tiltaka i går.