Kantor Jan Overweg. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Laurdag inviterer kantor Jan Overweg på tredje, og siste lunsjkonsert i Fitjar kyrkje for denne sommaren. – Den raude tråden vert «å koma heim».

Dette er tredje året Jan Overweg inviterer inn til orgelkonsertar i løpet av sommaren, og tilbodet har fått god respons.

– Eg vil tru det har vore rundt 50 personar på kvar konsert til no i sommar. Det er kjekt at so mange kjem, fortel Overweg.

Han tykkjer det er spennande å få utfalda seg litt meir enn ved vanlege gudstenestar, og fortel at sommaren er ei fin tid til å invitera inn til desse konsertane.

– Eg syntest det er veldig kjekt å setja saman og øva på eit større repertoar. Fitjar kyrkje har eit flott orgel, som fortener å skina litt ekstra inni mellom.

Nærmar seg slutten på sommaren

På dei to andre konsertane i sommar har Overweg tatt publikum med ut på ei reise i Europa gjennom musikken. Dermed tenker han at det passar seg «å reisa heim att» på den tredje og siste konserten i år.

– Sidan folk ikkje har kunna reist som vanleg har det vore kjekt å ta publikum med på tur gjennom musikken. No er sommaren straks over og me må venda heim att. «Å koma heim» vert den raude tråden, og eg håpar mange vil vera med på ein siste tur, avsluttar Overweg.

Konserten byrjar kl.12.00 og varer i rundt ein halvtime.