Fitjar-innsatsen under løpa på Eikåsbanen i Åsane var ikkje heilt topp, men Gisle Aarbø fekk med seg ein pokal etter sisteplass i C-finalen i dag.

Verken Jonas Koløen Lønning eller Gisle Flatraaker Aarbø fekk det heilt til under løpet til NMK Bergen i helga. For Gisle sin del blei det mykje krasj i går, og mykje arbeid for faren, Gaute Aarbø. Dei mekaniske utfordringane stod i kø. I ein kollisjon blei døra trykt inn, forbi kanalen, så det blei mykje banking av stål. Vidare blei radiatoren knust, men heldigvis hadde dei med ein ekstra. Verre var det med motorfestet som blei knekt; her måtte dei bruka ei lastestroppe. Den nye bilen til Jonas fungerte bra. No har han og fått nye dekk – det kom vel med på den glatte Eikåsbanen i helga.

Resultata i innleiande rundar laurdag blei ikkje meir enn så måteleg. Gisle greidde tre fjerdeplassar og ein andreplass. Jonas fekk tre fjerdeplassar og éin tredjeplass. I den siste innleiande runden, søndag, fekk Jonas slått fronten kraftig inn. Bilen framfor kjørte i autovernet, og Jonas kunne ikkje stoppa. Dermed får han ein heil jobb med å få på plass delvis ny front. Men han kom seg i mål til ein 3.-plass i dagens løp, noko som var akkurat ein plass for dårleg til å nå C-finale. 

Etter 2.-plass i dagens innleiande runde kom Gisle seg til C-finalen. Men her kom han på sisteplass, etter at han hadde snurra heilt rundt. Han miste kontrollen då gassen hengde seg opp på full gass midt i svingen. Dermed måtte Gisle nøya seg med 13.-plassen av totalt 19 startande i bilcrossløpet i helga.