Alle bilcrossførarane i Fitjar Racing Team har feira pinse i Vikedal, utan å lukkast heilt.

Det blei mykje tekniske problem for dei ivrige Fitjar-førarane under bilcrossløpet i Vikedal denne helga. Derfor kom ingen av dei sju førarane lenger enn til C-finale, noko som er litt under ambisjonsnivået.

Den som har størst grunn til å trø litt i grusen i dag, er nok Oliver André Matre, som plar gjera det best av heile gjengen. Denne gongen kom han ikkje gjennom eitt einaste heat utan problem. Han nemner tekniske problem i fleng, clutchwire som slitna, girkasse som kilte seg to gonger i 2. gir, innsug som sprakk på motoren, og påkøyrsle som enda med skeiv styring. Derfor orka han ikkje å fiksa bilen for å køyra siste omgangen, og det blei ingen finale på Oliver denne gongen.

Til nykommaren Martin Fausk var forventningane naturlegvis noko mindre, men han har all grunn til å vera fornøgd. Det blei litt «hopp-og-sprett» og snurringar, seier Oliver, men han tok seg opp og imponerte med gode startar og knallgod køyring etter kvart. Heile teamet var imponert over innsatsen når ein tenkjer på at dette var første gongen. Det blei ingen finale på Martin Fausk, men det var vel ikkje å venta.

Finale blei det heller ikkje på nesten-debutanten Arne Thorsen, men for resten av deltakarane frå Fitjar Racing Team blei det C-finale. Både Jonas Lønning, Gisle Aarbø og Håvard Dalen vann kvar sitt innleiingsheat. For Håvard var det aller første gongen han kunne køyra opp på plata for å ta imot rose for heatsiger. Men ingen av Fitjar-førarane kom gjennom finalen utan problem. Håvard blei påkøyrd og fekk knekt eit styrestag og ein drivaksling, så han kom ikkje til mål. Gisle Aarbø vann prestisjeduellen med Jonas Lønning om 3. og 4. plass. Men han fortel at motoren veksla mellom å gå på to eller fire sylindrar i finalen.

Den einaste junioren i Fitjar Racing Team i år, er Jonas Heggøy. Også han opplevde ein heatsiger i helga, men til liks med dei andre fekk han ein solid dose tekniske vanskar. I siste innleiingsheatet søndag blei bilen øydelagt, slik at han ikkje fekk køyrt C-finalen. Men han køyrde bilen ned på startplata, slik at han fekk registrert sisteplss i C-finalen, og kunne koma heim med pokal.

Etter å ha gått gennom rapporten frå Vikedal, slår Ole Vidar Helland i racingteamet fast at alle førarane har farten inne til å vinna. – Men me toler ikkje så mange tekniske problem, seier han til Fitjarposten. – Den dagen ein eller fleire av våre kjem problemfritt gjennom innleiingsheata, har me folk som kjempar jamt med dei beste i finalane.

Gisle Aarbø seier det har vore ei kjekk helg i godvêret i Vikedal. Til liks med alle dei andre førarane i teamet reknar han med å vera klar til nytt løp i Bergen om to veker. Akslingar og styrestag og andre delar reknar dei med å finna på det rikhaldige reservedelslageret på Rydland …

Oliver André Matre lovar å «dra fram ei bedre bobla te neste løp».  –  Det einaste som er sikkert, er at me ska komma sterkt tilbake neste gong!