I Fitjarposten si papirutgåve som kjem ut i dag, kan du sjå 17. mai-programmet på side 11. Alt er rett bortsett ifrå at det ikkje vert ettermiddagsprogram ved Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Me beklagar denne feilen.

 

I staden for ettermiddagsprogram ved Kulturhuset vert det i år kafe og leikar ved den nye Rimbareid skule. Slik får folk òg eit høve til å sjå nærare på denne nye, flotte skulen.

Det er FAU v/ 6. klasse som står for arrangementet. Kafeen opnar kl. 12.00 – og programmet ved skulen varer til kl 15.00.