Dette hjartesukket tilhøyrer sauebonde Karl André Rydland, som har vore til fjells i dag utan å sjå noko til sauene sine.

Saman med Inge Tufteland gjekk me i dag til fjells for å leita etter dei sauene som dei ikkje fann sist laurdag. Då var dei oppe og fekk med seg heim rundt 130 dyr. Til saman manglar Karl André og Inge over 40 dyr. Av desse er 37 lam, og dei fleste av desse er det lite von om å finna att.

I dag gjekk me over Kidno, og venta på austsida av toppen til skodda letta litt. Inge Tufteland gjekk rett nordover, rundt Mosavatnet og sørover Grønafjedlet. Medan me andre trekte nedover svea på Mosavassheiane og gjennom Litlebotn til Småtjødnane, før me møtte Inge Tufteland att på Klysskarheiane.

Dessverre hadde ingen av oss sett likt til eit einaste smalabeist nokon stad. Heller ikkje turen heim over Klysskar gav noko resultat. Både Inge og Karl André er svært urolege over alle dyra dei manglar. Det er nok svært liten sjanse for å finna dei lamma som ikkje har mødrene med seg. Men ei gimber og fire vaksne sauer med lam har dei von om å finna.

I dag var det altså ingen smalabeist å sjå, ikkje såg me eit einste spor heller. Dette er svært underleg, seier dei to sauebøndene. I det minste skulle det vore ulldottar eller klyper å sjå. No håper dei på godvêr så dei kjem seg til fjells igjen så snart som mogeleg. Og dei tar meir enn gjerne imot tips frå andre fjellfolk.