Draumepåska lar venta på seg, men det kan bli flott ver i sjølve påskehelga. Det er meteorolog Frode H. Korneliussen i Storm Weather Center i Bergen som fortel dette til Fitjarposten. Det er rimeleg klart at våren lar venta på seg. Frode Korneliussen ser for seg ein relativt kjølig påskeferie. Palmehelga begynner grått, men kanskje det blir gløtt av sol utover laurdagen. Når det klårnar opp, blir det òg noko kjøligare, 3 – 5 grader. For dagane søndag måndag, tysdag er det venta nord- / nordvestleg vind med byer, som sludd om kvelden. Men innimellom kan veret bli rimeleg bra. 

 

Onsdag i neste veke er det venta inn eit lågtrykk med skya ver og regn, men ikkje så mykje nedbør. Det er vanskeleg å sjå så langt fram. Me er litt usikre på akkurat kor tid dette lågtrykket kjem; det kan la venta på seg til torsdag/fredag. Men det me er rimeleg sikre på, er at det blir fint når dette lågtrykket har passert. Då dreiar vinden mot nord/nordaust, noko som ofte betyr tørrare og finare ver hos oss. Og temperaturen vil falla litt. I heile perioden blir det ein kjølig vertype med frost om natta dersom det er klårver. Dette er verdt å merka seg, for det kan bli glatt på vegen. Fredag morgon var det skummelt over Morkjo, og det kan bli glatt igjen. Så snart det klårnar på denne årstida, kan det lett frysa på igjen.

Prognosar for meir enn 5 – 7 dagar er ikkje så veldig sikre. Frode fortel at dei reknar ut veret etter ulike datamodellar. Dersom resultata av fleire modellar gir same resultat, er dei rimeleg sikre på korleis veret blir. Verre er det når ulike modellar gir veldig ulike resultat; då nærmar ein seg meir ”kvalifisert gjetning”. 

Me som har vakse opp med å studera Siggjo, kan vera litt usikre på prognosane til meteorologen. Dersom Siggjo hadde halsklut (skjerf) blei det godver, sa dei før. Og dersom Siggjo bar hatt, blei det dårleg ver. Skal me dømma etter Siggjo fredag morgon, skal det bli godver i påskehelga. Sjeldan har me sett Siggjo med ein finare halsklut – sjå biletet – så me kan håpa på ei flott påskeveke…

Men me må nok velja å stola på meteorologen. Og når det gjeld påskeferien i år, er Frode Korneliussen ganske sikker. Spenningsmomentet er når lågtrykket i neste veke kjem, og kor tid det passerer. Etterpå blir det nemleg flott påskever. For dei som reiser til alpinanlegga i fylket vårt, kan det bli ein brukbar påskeferie. Nedbøren vil stort sett komma som snø t.d. på Kvamskogen. 

Fortel Frode Korneliussen, som har vakt i palmehelga, og sjølve påskehelga. Om som ikkje lar seg skremma av eigne verprognosar, men gjerne tar seg ein tur til Fitjar i påskeveka.