Å brenna drikkekartongar forurensar og er helsefarleg, i tillegg kan det føra til pipebrann.

Grønt Punkt Norge, som baserer seg på ei fersk spørjeundersøking, viser til at sju prosent av alle drikkekartongar går opp i røyk, og at desember er den månaden der flest kartongar hamnar i omnen eller peisen.

Ivar Bjerke, fagansvarleg ved Norsk Brannvernforening peiker på at dette både er helsefarleg og svært forurensande.
– Dersom du brenner noe annet enn ved i din vedovn eller peis kan det generere store mengder giftig røyk, undersktrekar Bjerke. 

Kari-Lill Ljøstad, kommunikasjonssjef i Grønt Punkt, er overraska over at det framleis er så mange kartongar som vert kasta i omnen. 
– Det gir lite varme, mye aske og ikke minst gjør det at vi ikke får brukt ressurser flere ganger i materialgjenvinning, seier Ljøstad som meiner altfor mange brenn kartongane sine i staden for å levera dei til gjenvinning.

Drikkekartongane skal leverast saman med papiravfallet. Dei skal då først skyljast, tørkast og stappast oppi kvarandre. Gjennom resirkulering kan kartongane få både seks og sju liv, og er då med på å redusera utslepp og spara energi. Det er Grønt Punkt Norge som sikrar finansiering av returordninga for drikkekartongar. 

Korleis ein skal sortera avfall i vårt område kan ein sjå her. 

(Denne saka baserer seg på ein artikkel skrive av Pressenytt for Grønt Punkt)