Visst var det lått og løye. Einskilde lo så dei mest fekk strekk i smilebandet. Men også livsvisdom og åndelege godsaker vart servert på Fitjar bedehus i går kveld.

Dei rundt 120 som var til stades på framføringa til «Han Innante» i Fitjar Bedehus i går kveld fekk såleis med seg både spøk og alvor. Begge delar like alvorleg meint, og begge delar like heilhjarta servert.

Det er sjeldan vare, og få meistrar ei slik serveringskunst betre enn «Han Innante» alias Brakkvald Torvstøkkje alias Torolf Nordbø.

Brakkvald kunne fortelja folket at einaste grunnen til at han var ungkar var at svigerforeldra hans var barnlause, og at sjølv om kameratten hans ikkje var så stiv i matematikk på skulen, så var han stiv i gymnastikk. Vidare fortalde han om Brakkvald sin medspelar Sjur som hadde oppdaga at han var kjendis då han kom til USA. – Kva sa dei til deg då? – Are you sure, sa Sjur-en. Me nemner óg songemissæren som i følgje Brakkvald var flinkare til å treffa hjarto enn tonen.

Sjur alias Tor Moen Tønnesen bidrog elles sterkt på forskjellige og finurlege instrument, og som dialogpartnar til Brakkvald i den morosame delen.

For det var to delar.

I den andre var alias-ane vekke, og me møte Torolf Nordbø, Tor Moen Tønnesen – og Marit Anmarkrud som verkelege personar. Marit er kona til Torolf. Tidlegare i veka var ho aktiv med forteljarkurs og som forteljar for elevar frå Rimbareid skule. I går framførte ho ein morosam forteljing av Alf Prøysen i første delen, og «Den vakreste rosen» av H.C. Andersen i den andre. Svært bra.

I den andre delen avslørte Tor Moen Tønnesen seg endå meir som ein svært habil musikar i samspel med Torolf Nordbø. Av yrke er han prest, og han er samstundes bokaktuell med  «Venn med livet», ei bok full av livsvisdom.

Livsvisdom prega òg Torolf Nordbø i siste delen. Nært, vart og personleg fortalde han om episodar frå livet sitt. Mellom anna om korleis han hadde funne trua, om ein periode med djup depresjon – og om korleis Jesustrua hadde vore eit anker for han i denne situasjonen.

Innimellom framførte han songar og synte med det at han er like mykje songartist som komikar. Så har han òg gjeve ut ei rekkje CD-ar, eller «Se-det-ar» som Brakkvald ville ha sagt det. Mellom anna «Han innantes store samle-CD» som ein lett kan skaffa seg frå næraste musikkbutikk. Her er det lått og løye. På CD-en «Bakpålente-ting», der han mellom anna har ein duett med Rita Eriksen, møter me den meir seriøse Nordbø.