Mange trudde at saka om at me skulle dele ut 50 blomar i dag, var ein aprilspøk. Det var det ikkje. Den siste blomen blei delt ut i dag kl. 17.00, og då hadde Elin Korneliussen og Solveig Thommassen i "Blomaståvo" fått spreie mykje glede.

-Det har vore ein kjempedag, smiler Elin Korneliussen som stod i butikken frå kl. 09.00 til 16.00. Folk har blitt både overraska, og skikkeleg glade, når dei skjøna at dei verkeleg fekk blom. Nokon vart til og med litt rørt, legg ho til.

Og Solveig Thomassen som stod frå 16.00 til butikken lukka kl. 18.00, stadfestar det same.

-Dette har vore skikkeleg kjekt, og eg kan underskrive på at mange vart glade.

Så var det òg det "Blomeståvo" og me ønskte med dette. Ha det litt moro (Me var jo klar over at mange ville tru at dette var ein aprilspøk), og spreia litt glede.

Så får me sjå kva me finn på neste år.