Men i slutten av januar vart det alvor av Diakoninemnda sin plan om å lage hyggesamvær. Mange av dei som bur på Havnahuset var samla kring fint dekka bord då Karin Korsvik ønskte velkommen. Ho opna med å lese kjende vers frå bygdediktaren Lidvald Stubhaug. Allsongen lydde med akkompagnement frå Harald Rydland. Dottera Silje fekk tonefølgje av han då ho framførde fleire kjende songar. Den gode maten og praten sette ein ekstra spiss på samlinga. Sjølvsagt var det andakt, og den tok sokneprest Olav Oma seg av. Sølvi Aarbø las dikt frå boka til ei utflytta fitjardame frå Rydland. Det var nok fleire som kjende seg att i noko av det som kom fram då.

Diakoninemnda laga fest for å glede dei som bur på Havnahuset. Men det vart til like stor hygge for dei som kom på besøk. Ein blir glad i møte med eldre og gamle som gir uttrykk for at dei har det godt. Bak deira utsegner veit me at det skjuler seg livserfaringar tufta på både gode og vonde minne. Og minna er mange og svært så ulike når alderen er over nitti åt for fleire av dei. Kanskje nokon av dei kunne tenkt seg å fortelje frå farne tider, men det kom me ikkje på.