På grunn av dårlege vêrmeldingar har 17. mai-komiteen vedteke å flytte det tradisjonelle arrangementet i Håkonarparken 17. mai til Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Det er Geir Tore Søreide som på vegner av komiteen opplyser dette til fitjarposten i kveld. Han opplyser vidare at arrangementet vil starta i Kulturhuset kl. 13.00.

Programmet vert slik:  

Opning ved Roald Nilsen.
Fiolin ved Eirin Oma.
Song ved Runar Thòr Gudmundsson.
Tale for dagen ved Arne Gloppen.
Fiolin ved Eirin Oma.
Fitjar Skulekorps.