Tradisjonen tru har enkelte etternølarar nytta nyttårsaftan føremiddag til å ta idrettsmerket.

Og tradisjonen tru stod eldsjelene Øyvind Skålevik, Rolf Vik og Finn Ingvar Havnerås klare med målband og stoppeklokke – og snøskuffe – for å losa dei siste etternølarane vel i hamn med årets idrettsmerke.

Også i år vil Fitjar Idrettslag kunna skilta med eit imponerande tal idrettsmerke. Øyvind Skålevik seier til fitjarposten.no at dei reknar med å passera fjorårets tal på 77. Men han kan ikkje gi oss det eksakte talet enno. Det kjem først når dei siste meldingane frå krinsane tikkar inn rett før midnatt.