Både fotballgruppa og handballgruppa i Fitjar Idrettslag slit med å få tak i folk som vil vera leiarar. Me bringar utfordringa vidare.

Sonja Fitjar Waage, som sjølv har vore i fotballstyret i tre år, derav to år som leiar, fortel at ho har vore i kontakt med fleire som jobbar i ulike valnemder til frivillige lag i Fitjar, og dei har dei same utfordringane: Det er vanskeleg å få folk til å takka ja til leiaransvar i dei ulike styra. Å få folk til å vera styremedlemar går stort sett greit, der er å vera styreleiar folk ser ut til å vegra seg for.

Fitjar Idrettslag har hovudårsmøte 3. mars, og Sonja Fitjar Waage vonar folk vil tenna på tanken om å bli styreleiar innan då.  -Oppgåvene er overkommelege. Ein dreg lasset saman med resten av styret, og på større arrangement stiller folk flott opp for klubben sin. Det som tek tid er styremøte ( eit i månaden) pluss møte i hovudlaget for FItjar Idrettslag, seier ho av erfaring, og meiner det er mykje positivt med å vera leiar.

-Ein har høve til å engasjera seg og utvikle bygda sine idrettsaktivitetar, eller ein kan vidareføre dei arrangementa, og det opplegget, som er innarbeidd i ei årrekkje. Mange engasjerte folk i bygda vår gjer ein stor dugnadsinnsats både for handball og fotball i Fitjar Idrettslag. Men ein treng stadig nye krefter som kan vera med og ta ein runde for det viktige frivillige arbeidet som Fitjar Idrettslag står for.

Ronald Hareide i valnemnda for handballen følgjer opp denne tanken og vil utfordra spesielt dei i alderen 25 + til å ta eit tak. Banar, økonomi og alt er på plass. -Men me må jo ha styreleiarar om styra skal fungera, seier han, og meiner at dette er ein jobb dei aller fleste kan ta på seg.

Leiar i hovudlaget, Elin Siglen, stør opp om denne oppfordringa. -Dei som måtte melda seg til teneste skal i alle høve bli godt mottekne og oppleva at dei ikkje står aleine, lovar ho, og synest sjølv ho fekk oppleva det då ho sa ja til å bli leiar.