Fitjar idrettslag har oppretta eiga facebook-side.

Det er Dan Torbjørnsen i Idrettslaget som har oppretta sida og ynskjer brukarane velkomne. Han seier at på denne sida vil det etterkvart kome resultat etter større og mindre arrangement, og oppmodar alle til å leggja inn aktivitetar i laget, resultat eller andre saker som er til glede for den aktive fitjarbu.

Det er vel ei veke sidan sida vart oppretta og førebels har den berre 52 medlemmer, men det ligg allereie ein del nyttig informasjon der om ulike arrangement som skjer i laget utover hausten. Elin Siglen, leiar i idrettslaget, ynskjer at flest mogleg skal bli kjend med denne nye informasjonskanalen. Ein må sjølvsagt vera registrert på facebook for å  kunne vera medlem på idrettslaget si facebook-side og slik få tilgang til veggmeldingane der.

Skal ein kunne auka medlemsmassen på sida så er det dei 52 medlemma som allereie er der som har ein jobb å gjera med å invitera med seg fleire venner til denne lokale idrettssida. Erfaringar med andre liknande sider tilseier at det ikkje tar lange stunda før medlemsmassen eksploderer i størrelse, og så får me håpa dette ikkje resulterer i at folk brukar meir tid på data, men at dei heller vert meir aktive.