5., 6. og 7. klassingane hadde ein kjekk idrettsdag denne veka.

Tradisjonen tru er det det idrettsdag for mellomtrinnet ved dei tre barneskulane i kommunen. Onsdag 1. juni møtte alle opp ved stadion og prøvde seg på 60 m, stille lengde og kast (stor ball). Mange gode resultat og nye «persar» både med og utan hjelp av den sterke vinden.

Høgdepunktet for mange var nok 4*100 m stafetten mellom kvart klassetrinn. Her var det god stemning, og løparane ga alt.

På sluttten av dagen gjekk vi ned til kunstgrasbanen og hadde desse aktivitetane: stikkball, fotball og Stratego i Moahagen. Eit rungande JA!!! lydde då læraren spurte om elevane hadde hatt ein kjekk dag. Fair-play prisen blir delt ut kvart år, og i år gjekk prisen til Sælevik.

Klassemeistrar Rimbareid:
Jonathan Tranøy, 5a, 2224,5 
Frida Hatlevik Kjerland, 5a, 2808,2 
Sander Havn Nesbø, 5b, 2116,0 
Marte Rimmereid, 5b, 2609,4 
Nicolai Tufteland, 6a, 2109,0 
Silje Thorland, 6a, 1610,4 
Sander Thomassen, 6b, 2633,2 
Tone Sandtorv Brakedal, 6b, 3448,6 
Ådne Kongestøl Vik, 7a, 2751,6 
Ida Sæterbø Fitjar, 7a, 2872,6 
Sebastian Tufteland, 7b, 3594,1 
Guro Rimmereid, 7b, 2838,2

Skulemeistrar Øvrebygda:
Nicolai Agdestein, 7.kl, 2786,6 
Cathrine Emilie Nordbustad Koløen, 7.kl, 2245,5

Skulemeistrar Sælevik:
Anton Reksten Pletten, 7.kl, 2709,0 
Elisabeth Westerheim, 5.kl, 2076,1

Beste skule (Vandreskjold):
Øvrebygda skule 2183,0
Rimbareid skule 2167,0
Sælevik skule 2160,0

Beste klasse Rimbareid:
Klasse 7a 2524,0