Rimbareid skule arrangerte fredag idrettsdag for ungdomsskulen. Det gode veret gjorde sitt til at det vart ei fin stund både for elevar og lærarar.

Rimbareid skule arrangerte fredag idrettsdag for ungdomsskulen. Det gode veret gjorde sitt til at det vart ei fin stund både for elevar og lærarar.

I tillegg til dei tradisjonelle øvingane som 60 m, lengde og kule, arrangert ein stafett og fotballkamp mellom klassane på slutten av dagen. Klasse 10b synte solid styrke ved å vinna begge turneringane.

Frå fotballturneringa. Foto: Karina Raunholm