-Bakken barnehage hadde ein strålande flott aktivitetsdag på idrettsbanen 9.juni, fortel Torunn Aarskog til fitjarposten.no 

-Ungane fekk prøva seg på diverse friidrettsaktivitetar som lengdehopp, kappløp, kast med ball og erteposar, ballansering m.m., heiter det vidare. Bileta viser ungane i aksjon.

Etter aktivitetane var det premieutdeling: medalje og solhattar til alle!  Tilbake i barnehagen venta det pizza og is som kunne nytast ute i det fine vêret.