Idrettsskulen hadde i går avslutning for 3.-klassingane.

– Dei er no ferdig med Idrettsskulen, og mange av barna har vore med sidan dei gjekk på foreldre og barn gruppa, fortel trenarane Birte og Kristine.

– Det er til saman 25 barn med på Idrettsskulen. Ikkje alle var med i går, men alle skal få diplom. Me har kost oss med frukt, og borna fekk sjokolademedalje og diplom for flott innsats, fortel dei to trenarane som takkar for no, og ønskjer alle dei kjekke 3.-klassingane god sommarferie og lykke til vidare med andre kjekke aktivitetar.