Idrettsanlegga i Fitjar er framleis stengde for all bruk. Foto: Kjetil Rydland.

Kriseleiinga i Fitar kommune har i dag avgjort at dei kommunale idrettsanlegga framleis skal vera stengde for all aktivitet.

Fitjar kommune og Fitjar Idrettslag stengde for ei tid sidan kommunen sine idrettsanlegg for all bruk, både organiserte aktivitetar og anna. Dette gjeld Fitjar Idrettspark (løpebanen og grasbanen), kunstgrasbanen, ballbingar, leikeapparat og liknande. 

Kriseleiinga i Fitjar har fått med seg at helsedirektøren har komme med nokre presiseringar rundt bruk av idrettsanlegg. Det gjeld for både organiserte og andre aktivitetar. Ein skal uansett følgja dei generelle smittevernkrava, m.a. for det som gjeld tal personar og avstand. 

Kriseleiinga meiner retningslinjene er uklåre og krevjande å praktisera rett. På bakgrunn av dette, og for å hinda spreiing av farleg smitte, vil kommunen sine anlegg framleis vera stengde for all bruk.

– Kriseleiinga har forståing for at mange kriblar etter å ta i bruk idrettsanlegga igjen, men kriseleiinga vil også i denne saka prioritera omsyn til smittevern, heiter det til slutt i pressemeldinga frå Fitjar kommune i kveld. .