Jonas Thomassen som fekk andre plass under årets Idol, kjem til Fitjar for å halda konsert laurdag 25.november.

Konserten finn stad i den nye Kultursalen, og startar klokka 20.00, og Jonas kjem med eige band. Same dagen arrangerer klasse 10 A ved Rimbareid skule, HAFO-cup og diskotek i Kultur-og Idrettsbygget, og deltakarane her vil få god rabatt på konsertbilletten.

Jonas er elles på trappane med ny CD, og vil bli promotert i ei rekkje media i tida framover.