Handballtrenar Torbjørn Iversen er full av lovord etter treningssamlinga i Fitjar kultur- og idrettsbygg helga som var.

Til dagleg arbeier Iversen i Norges Håndballforbund Region Vest, men denne gongen var han i Fitjar som trenar for Gneist IL. Det var han som hadde teke intiativ den store treningssamlinga som blei arrangert i Fitjar frå torsdag til søndag.

Iversen fortel til Fitjarposten at til saman rundt 130 spelarar i klassane G16 og G14 frå sju klubbar var i aksjon i idrettshallen i Fitjar denne helga. Fem lag frå klubbane Stord (2), Fyllingen, Viking (Stavanger) og Nærbø kom på dagstur for å spela treningskampar. Dei fem laga frå Bergen, Gneist (2), Kjøkkelvik (2) og Fana overnatta på Fitjar. Sportsleg blei dette særs vellykka for spelarane, og ikkje minst for dei seks unge, fremadstormande dommarane frå Stord (2) og Bergen (4) som nytta turneringa til kamptrening.

– Fitjar kultur- og idrettsbygg er ein ideell stad for ei slik treningssamling og turnering, seier Torbjørn Iversen. Det fine var at her hadde me alt me hadde bruk for på ein stad. Spelarane overnatta i klasseromma, og blei trakterte etter alle kunstens reglar av dagleg leiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg, Ole Bergesen.

Den erfarne handballtrenaren legg ikkje skjul på at han møtte eit fantastisk vertskap, som stilte opp for dei seint og tidleg. – For oss var dette midt i blinken, og det bør absolutt vera mogeleg å få til noko liknande ved eit seinare høve, seier Iversen til slutt.