Jubileumskonserten med Osternes Mannskor i går kveld vitna om at 75-åringen såvisst ikkje har stagnert.

Konserten var lagt opp med ei religiøs og ei profan avdeling.
Den religiøse delen var lågmælt, men vakker, med fin stigande dynamikk og god tekstuttale. Koret var denne gongen svært forsiktig med bruken av lydanlegg. At dei likevel nytta det litt, trur me var lurt. Koret mangla denne gongen fleire av sine faste tenorar, og utan litt hjelp av lydanlegget, trur me at at tenorane hadde blitt for svake.

I andre delen synte Osternes Mannskor at dei òg har både kraft og spenst, og me fekk den eine flotte framføringa etter den andre.  For oss vart denne gongen den islandske songen «Eg bid ad heilsa», nydelege «Så skimrande var aldrig havet» og «Bred dina vida vingar»  høgdepunkta i denne konserten. Samla vart det ein svært bra konsert som syner at koret stadig har ei positiv utvikling – og Tom Rydland var super som solist.

Me gledde oss òg stort over dei musikalske innslaga med Ole Christian Ottestad på saxofon, Heine Helland på bass, Harald Rydland på flygel og Steinar Vik på slagverk. Svært dyktigare musikarar er dei alle, og framføringa skapte flott variasjon i konserten. Det gjorde òg Hans Kobberstad som kom vel frå fiolininnslaga sine.

Bra med folk var det òg. Utan at me talde, vil me tippa at det var mellom 200 og 250 til stades.

I samband med eit 75-års-jubileum er det naturleg nok òg helsingar.
Elise Aarbø stilte frå Fitjar Kommune. Ho karakteriserte Osternes Mannskor som ein av dei store kulturberarane i bygda, og annonserte ei gåve på 7500 kroner. -100 kroner for kvart år, som Aarbø sa det.

Fitjar Kraftlag gav storgåve sist helg då Fitjar Musikklag jubilerte, og denne gongen kunne Toralv Røen overrekkje 25 000 kroner til Osternes Mannskor. Frå Sparebanken Vest fekk dei 10 000 kroner.

Det var òg helsing frå Mannskoret Havdur som meinte at om Osternes Mannskor tidlegare kunne ha eitt og anna å læra av Havdur, så var det no motsett.

På festen seinare på kvelden vart desse kormedlemane heidra med medalje og diplom frå Norsk Korforbund: Gudmund Gloppen, dirigent i 41 år: Mikal Hageberg, Karl Gloppen, Lars Sandvik og Harald Johan Sandvik.