Glade gutar frå Fitjar kom litt i skuggen av Stord, som gjekk heilt til topps i årets Veterancup i Lærdal.

Men suksessen til Stord la absolutt ingen dempar på stemninga til glade Fitjar-veteranar som kom heim søndag ettermiddag. Stord vann veteranklassen med desse sterke spelarane på laget: Roger Alsaker, Atle Nilsen, Geir Ove Johansen, Paal Chr. Alsaker, Josten Almås, Roald Hansen, Kjell Tore Vassnes og Bjørn Gundersen. Sterke namn med sterk tilknyting til Sagvåg. 

Ole Bergesen fortel at Stord imponerte stort mot eit knallsterkt Ålesund-lag, som gjekk gjennom puljespelet utan poengtap, og med 32 plussmål! Stordi låg under 0-4 mot Ålesund då det stod att 4 minutt av kampen, men klarte på mirakuløst vis å vinna 5-4 etter at Paal Chr. Alsaker scora vinnarmålet frå død vinkel.

Ingen av laga frå Fitjar kom seg vidare frå puljespelet. I den eldste klassen stilte desse Fitjar-spelarane: Bjarne Romfog, Endre Bergesen, Geir Bjarte Hatlevik, Jarle Nesbø, Roald Magne Nilsen, Ronald Hareide og Ole Bergesen. Toppscorar blei årets debutant i superveteranklassen, Jarle Nesbø, med sju mål. I veteranklassen stilte Fitjar med desse spelarane: Jostein Mjønes, Roger Nesbø, Kjell Træet, Rune Brakedal, Frode Brakedal, Arve Havnerås og Victor Aga.

Vel heime att fortel Ronald Hareide til Fitjarposten at dei også denne gongen har hatt ein strålande tur til Lærdal, og ein veterancup der trivselen står i høgsetet. At dei ikkje nådde heilt opp sportsleg, gjekk på ingen måte ut over stemninga. Dei har fått sjå mykje god fotball av mange kjente fotballspelarar frå fjærn og nær. Og naturlegvis er det kjekt å sjå naboane våre frå Sagvåg hamla opp med dei aller beste.

Alle resultata frå årets Veterancup i Lærdal, finn du her:

 

Saudi King Abdullah Was Apparently a Big Fan of Viagra where to buy viagra online Bruce Willis and viagra