Me er i rute, og framdrifta med utbygginga av Rimbareid skule går etter planen, seier prosjektleiar Harald Engevik i Engevik og Tislevoll AS til fitjarposten.no.

– I desse dagane har me støypt fundamentet for ein del det store nybygget, og det mindre bygget opp mot Storhaugen har snart tett tak. Her skal det bli eit nytt klasserom, opplyser Engevik.

Han fortel vidare at firmaet hatt eit stort arbeid med grunnen der det no skal koma eit heilt nytt sanitæranlegg. 

– No i haustferien, når elevane er vekke, skal me leggja nye rør med påkopling i Sjøsbrekka. Dette må til på grunn av at det no skal vere sprinkelanlegg på heile skulen. Dette gjer skulen meir brannsikker, men det krev større vassforsyning. I tillegg er utbygginga så stor at nye forskrifter trør til, forklarer Engevik, til slutt.