Foto: Kjetil Rydland.

Avgjersla om framtida til Selevik og Øvrebygda skular vil ikkje bli teken i morgon, slik planen var.

Onsdag skulle kommunestyret i Fitjar vedta strukturendringane i skulebruksplanen, der Selevik og Øvrebygda skular er i fare for nedlegging. Førre veke fatta formannskapet i Fitjar vedtak om å redde Selevik skule, men å legge ned Øvrebygda.

No er det klart at det ikkje blir noko avgjersle i skulesaka før det nærmar seg jul.

– Etter gruppemøter i går er samtlige parti blitt samde om å utsetje handsaminga av skulebruksplanen til budsjettmøtet 19. desember, skriv Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll i ei pressemelding.

Startar på scratch

Wenche Tislevoll, Foto: Fitjar kommune

Tislevoll begrunnar dette med at dei ønskjer å vente på budsjettarbeidet er avslutta.

– Dette gjer me for å sjå skulebruksplanen opp mot budsjett og økonomiplanarbeidet.

– Har det kome fram noko nytt i saka som gjer at skulane kan reddast?

– Nei, dette handlar eigentleg berre om å ha eit forankra vedtak i høve til økonomi, slik at me kan sjå kva me vil prioritere.Me kjenner godt til utfordringane med økonomien.

Tislevoll opplyser om at vedtaket til formannskapet, der Selevik skule vart redda og Øvrebygda føreslått lagt ned, ikkje vil ha noko betydning for avgjersla i desember.

– No vil heile skulestrukturen i spel, og me startar no på scratch. Vurderingane blir teken ut frå det som vil ligge i bordet i desember. Me skal vere heilt sikker på vedtaka me skal gjere.

Vil sjå heile samanhengen

Sjølv om den endelege avgjersla vil takast 19. desember, vil 5. desember også bli ein viktig dato. Då skal nemleg formannskapet vedta neste års budsjett.

– I budsjettet vil jo formannskapet legge ned eit forslag der ein må ta med kva vedtak ein vil gjere i forhold til skulebruksplanen. Då vil innsparinga visast i dette vedtaket.

Tislevoll viser til at mange har spurt etter dei konkrete økonomiske følgjene med å redde eller leggje ned skulane. Ho meiner vedtaket i desmber vil synleggjere dette i større grad.

– Det er ein del som skriv at dei er usikker på dei økonomiske følgjene. Dei vil sjå dette opp mot økonomien. No vil me sjå heile samanhengen, og kva som vil skje dersom me ikkje gjer nok innsparingar på skulen.