Det er vel mange som planlegg å gi mamma frukost på senga og elles overraske med ei gåve?

I dag var det tilgang på fine bukettar både hos Spar, Rema 1000 og Malvin Aarskog. Sistnemnde var klar til å lage bukettar etter kvart som kundane dukka opp. Då me stakk innom i ettermiddag, stod det fleire posar med flotte blomar pakka inn i cellofan og pynta med fargerike sløyfeband. Desse var bortbestilte.  Både Rema 1000 og Spar frista med fiks ferdige marsipankaker til dei som ikkje vil lage sjølve. Det kan bli mykje godt til kaffien i morgon dersom ein òg skal ta vare på tradisjonen med fastelavnsbollar med krem inni. Slike var også til sals i butikkane i dag.

Feiring av morsdag er ein amerikansk skikk som begynte tidleg på nittenhundretalet. I eit leksikon kan ein lese at religiøse organisasjonar begynte morsdagsfeiring i Bergen 1919. Dagen har etter kvart blitt feira som ein familiedag. I dag hevdar mange at feiringa blir styrt av handelsstanden, som er fulle av idéar til tallause måtar å markere dagen på. I bladet Sunnhordland stod fine helsingar til mange mødre i gårsdagens utgåve.

Fastelavn er ein kristen tradisjon, og tre dagar etter fastelavnssøndag begynnar fastetida i kyrkjeåret og varer til påskeaften. Frå gammalt av høyrer me om fastelavn som ein heidensk vårfest med eldgamle skikkar. Ein av desse var  å lage fastelavnsris som skulle brukast til å vekkje til live fruktbarhet hos kvinner, dyr og tre. På førtitalet tok Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) initiativ til å lage fastelavnsris . Mange stader rundt om i landet kan ein kjøpe ferdig pynta ris med fargerike fjører. Salet er ei god inntektskjelde for sanitetskvinnenes viktige arbeid, las me i ei større vestlandsavis. NKS har ikkje noko lagsarbeid på Fitjar. Men mange born har til tider kome heim med fine fastelavnsris som er laga på skulen eller i barnehagen.