I 18.00 tida i kveld høyrde me triveleg prat borti vegen. Då var det berre å vente på at dørklokka skulle ringe.

Straks me opna døra, begynte julebukkane å synge. Fint utkledde som prinsesse og engel song dei så vakkert Eit barn er fødd i Betlehem.  Den minste av desse to har enno ikkje fyllt tre år, men synge kan ho. Jentene var godt kledde, men me spurde likevel om dei ville inn og varme seg litt. Litt snop låg klart på benken. I veskene deira var det søtsaker av fleire slag, for dei hadde vori på besøk hos naboane langs vegen. Me fekk lov til å skrive namn på julebukkane: Emma Helene var prinsesse og Sunniva engel. Jentene avslutta med Så går vi rundt om en enerbær busk. Dei hadde med seg ein vaksen som heldt seg litt på avstand slik at det var trygt og godt for den minste då dei kom ut att i mørkret.

Litt seinare kima dørklokka på nytt. Me vart møtt av tre kjende fjes som song Nå er den hellige time. Gutane kunne så visst synge, dei og. Med godt humør og takk for snopen gjekk dei vidare til neste hus. Ingen av dei sa nei til å få namnet sitt i Fitjarposten.no:  Markus t.v., Magnus og Steffen t.h.