Fitjar Mekaniske Verft sin siste nybyggleveranse, forsyningsfartøyet Skandi Commander, tilhøyrande reiarlaget DOF ASA i Austevoll, har sidan levering, 8. juni i år, vore i full jobb på vestsida av Irland.

Der opererer skipet som støttefartøy til boreriggen Sedco 711, som ferdigstiller fleire brønner på det såkalla Corrib Gas Field. Når feltet kjem i drift medio 2008,vil dette feltet væra eit subsea felt, som skal forsyne Irland med inntil 20 % av landets gass forbruk. Båe skip og borerigg vert operert av Shell EPE, fortel kapteinen om bord, Paul R. Stenersen til Fitjarposten.no