Fitjar barnegospel tok i kveld eit fullsatt bedehus med til den første julenatta, då Jesusbarnet vart fødd. Med stor songglede som reint bobla over skapte dei julesteming og formidla budskapet om Gud si gåve til verda.

Dei unge solistane Rebekka og Olga opna konserten flott med den etterkvart så tradisjonsrike julesongen «I en mørk og stille natt». Det var fullt hus. Foreldre, besteforeldre, tanter og onklar og mange venner hadde kome for å høyra Fitjar barnegospel synga jula inn. Mange av songane var julesongar av nyare dato, men for dei som har høyrt barnegospel ved tidlegare juleopptredenar var dette likevel kjende juletonar. Og teksten, som ungane så fint fekk fram gav ingen tvil om at dette handla om jul. Det handla om at «Nå er det jul». «Vi vil synge om en konge stor». Dei brukte hender, føter og heile kroppen til å prisa Gud. Dei song om Gud si gåve til verda: eit lite barn, ein frelsar stor og dei song «En konge er født».

I barngegospel er det kamp om å få stå ved mikrofonen å få synga solo. Dei heldige denne kvelden var i tillegg til Olga Vestbøstad og Rebekka Tverborgvik, Oda Rydland, Silje Rydland, Ingrid Bergesen, Marion Træet, Eline Fitjar Hjelle, Emilie Isdal,Erika Reigstad, Vilde R. Kjelling, Ingvil Prestbø og Judit Hageberg. Alle flotte solistar.

Koristane song stort sett av full hals og med stor frimodigheit. Men sjølvsagt kunne det vera ting som distraherde innimellom, som ei fletta som skulle strammast, eit hår som skulle fiksast, eit skjørt som hadde hengt seg opp, eit underskjørt som måtte rettast på, ei skjorta som måtte oppi buksa eller som måtte av, eit smykke som hang skeivt eller litt snott som var i vegen… Dei datt kanskje ut eit øyblikk, men så var dei på plass i songen i igjen, for fult.

Det var fasinerande å sjå og høyra dei klappa og trampa i takt, og svinga på seg under «Jeg vil prise Gud». Og trøkket på «Den største gleden som jeg har», er berre heilt fantastisk. Dei syng med heile seg, nesten på grensa til å skrika, men det er synging, flott synging!

Som på alle øvingane var det pause med litt å bita i. Ungane storma til, dei vaksne tilhøyrarane dilta roleg etter.

Prost Svein Arne Teodorsen var med på konserten. Han skrytte svært av ungane, og sa det var flott å få vera her på konsert. Han hadde andakt og snakka om den litle engelen Ariel som strevde slik med å hugsa teksten når han skulle synga, i motsetnad til ungane her som såg ut til å ha full kontroll på både tonen og orda. Jul handlar om å synga halleluja, slik barnegospel gjorde her i kveld. Det handlar om å takka Gud for dei gåvene me får og å ta imot dei, sjølv om me av og til kan rota ting litt til, slik Ariel gjorde med orda. For Gud si gode gåve er for alle, for deg. Prosten sa og at han gledde seg svært til neste gong han skulle få høyra koret synga, under Nyårsmottakinga i Nysæter kyrkje 4. januar.

2. konsertavdelinga fekk ein stemningsfull start med mørk sal, 15 vandrande ungar med levande lys og koret som song «Det skinner et lys».

Som på julekonserten i kyrkja var det denne kvelden og med ei blåsegruppa frå skulekorpset. Det var Aslaug Ottestad, Ingvild Prestbø og Anne Lunde på kornett og Judit Hageberg på trombone. Det skapte høgtidstemning å ha dei med. Nokre av songarane var så fascinerte at dei reint gløymde å synga… Men det var mange nok til å synga likevel. Det var heile 51 unge songarar  i alderen 5 til 11 år på podiet. På avsluttingssongen  «En konge er født» var Ole Christian Ottestad med på saxofon. Hans saksofonspel passa svært godt saman med barnekoret, og Erika Reigstad sine solistvers var berre heilt fantastiske. Ho har etter kvart god solisttrening, og ei svært stødig og klår stemme med ein eigen klang. Då dirigent Ingvild B. Myhre takka alle som skulle takkast etter konserten tenkte me at dette var så flott at her kunne me sete og sett og lytta endå lenger….

Fitjar barnegospel takka alle leiarane som gjer at alt i koret fungerer. Dei takka dei  kjekke ungane som kjem på øvinga, foreldra som kjem med dei, og sjølvsagt alle som kom på konserten og gjorde dette til årets konsert. Barnegospel tar no juleferie, men dei skal synga på den første gudstenesta på julafta og dei skal synga i Nysæter kyrkje 4. januar, før dei har si første øving etter jul 15. januar.

«Jeg vil bruke hele kroppen til å prise Gud!»