Ingve André Strand er på plass på Nysumbanen på Nord-Jylland, nokre kilometer sør for Ålborg, og er klar til å kjempa om ein topplass i NEZ-cupen i crosskart.

NEZ er ein nordeuropeisk cup i motorsport, med deltakarar frå dei nordiske landa Sverige, Danmark, Finland og frå dei baltiske landa.

Ingve ligg på 3.-plass samanlagt før denne avslutningsrunden, og har sjansen til å gå heilt til topps.

Favoritt er nok svensken Per Bjørnson, som leier med sine 57 poeng. På dei neste plassane følgjer nordmennene Thomas Lohne (52 poeng),  Ingve André Strand (50 poeng) og svensken Lukas Walfridson (48 poeng). Det er mellom desse fire kampen om samanlagtsigeren vil stå.

For Ingve sin del har fredagen gått med til innsjekk, teknisk kontroll av karten og til å gjera seg kjend med banen.

Han meiner han har halde formen ved like sidan siste runden i NEZ, og er klar til å kjempa mot dei beste i helga.

Mekanikar, lagleiar og pressetalsmann Sigurd André Maraas er og optimist på vegner av toppføraren frå Fitjar Racing Team, og meiner Ingve med full klaff kan gå heilt til topps.

Sjølve løpa startar ikkje før laurdag ettermiddag kl. 16.00. Då vil også Fitjarposten vera på plass.