Grunna brot i vassforsyninga frå Svartavatnet ber kommunen folk i Fitjar kommune om å bruke så lite vatn som mogeleg til problemet er løyst.

– Det kan verte problem med vasslevering og vasstrykk til heile kommunen, men det vert arbeidd med å finne ei løysing på problemet.

I mellomtida oppfordrar me til minimalt vassforbruk, skriv Kristin Meland i Fitjar kommune i ein mail til fitjarposten.no.