«Minha pequena Luz vou deixar brilhar».

«Minha pequena Luz vou deixar brilhar». Viss me spør borna som var på basar i ettermiddag, er det nok mange som hugsar at dette betyr: Dette lille lyset det skal skinne klart. To unge menn frå Brazil var forsongarar til både norsk og portugisisk tekst og borna song med av full hals.

Mateus og Welton kom til Øvrebygda saman med norske Vidar Konradsen for å synge og halde andakt, og dei fortalde frå den Lutherske Kyrkja i heimlandet deira. Bedehuset var stuvende fullt, med aldersskilnad frå 6 mnd. til nærare 90 år. Ein av klubb-leiarane, Ellen Karoline Hovstad, ønskte velkommen, og saman med andre vaksne og hjelpsame born, fekk dei basaren unna medan dei minste enno heldt seg vakne. Matøkt og loddsal/trekking tok lengst tid, men det er jo det som fengjer mest når det er basar. Svært mange gevinstar på åresal vart vunne av små og store. Og siste sjanse til gevinst kom då hovudlotteriet vart trekt.

Elias på fem år vann ein stor bamse. Eg har mange bamsar heime, sa han, men dette blir den største.

Totalt vart det samla inn omlag 16 000 kroner. Litt av dette går til vidare drift av Tysdagsklubben, og resten til misjonen og søndagsskulen.