I politiloggen for Haugaland og Sunnhordland politidistrikt vert det meldt om innbrot i tre hytter.

Politiet rykte ut til Hovland  etter å ha fått melding om om innbrot. Ved nærare undersøking på åstaden vart noko av tjuvgodset funne i ei hytte i grannelaget. Til no er ingen pågripne i saka, men mistanken går i retning av ein spesiell person, melder politiet.

Saka vert etterforska ved Stord lensmannskontor.