Mange av bebuarane på Aldersheimen og Havnahuset hadde takka ja til å kome på hyggestund i ettermiddag.

Først var det allsang under leiing av Håkon C. Hartvedt. Det såg ut som bebuarane kjende att songane som dei kunne godt i si tid, og mange deltok. Innimellom fortalde Håkon små stubbar som sette låtten på gli. Diakoninemnda som stod for heile opplegget, spanderte velsmakande snittar og kringle og kaffe. Elles var det opplesing og ei lita utlodding før sokneprest Olav Oma avslutta samveret med andakt. Denne hyggestunda er ein fast tradisjon i januar.

Ei av bebuarane, Anna Skålevik, takka hjarteleg for ein triveleg ettermiddag med god mat og program.