Fredag kveld arrangerte Stranda Vel quiz i grendahuset på Hageberg.

Med stort og smått møtte 25 – 30 strandarar opp til quizkveld på grendahuset fredag kveld. Og ingen av dei hadde grunn til å gå skuffa heim.

Quizmeister Arne Raunholm hadde eit variert repertoar av spørsmål, og vanskegraden viste seg å vera høveleg. Dei fleste klarte å henga med på dei fleste spørsmåla. Men ingen klarte alle. Det vanskelegaste viste seg å vera namnet på den største byen på den største øya i Noreg. Det visste ingen, men no veit alle at det er Harstad…

Kaffi og gode kaker til ein billig penge la ingen dempar på stemninga, og folk ser alt fram til neste quiz om eit halv års tid.

Ht.no har fanga opp at strandarane ikkje visste at Harstad var den største byen på den største øya i Noreg.

Største byen? På største øya? (ht.no)