Fitjar Eigedomsselskap ved Jo Kjetil Strand får høve til å byggja utleigehyblar i delar av 2. etasje i Bensinstasjonbygget. Det blei klart etter siste møte i Utval for Plan og Miljø.

– Me ønskjer å byggja ut 12 hyblar over butikken, der det i dag er lagerrom som for det meste står tomt. Me har eit stort bygg, og er nøydde til å utnytta meir av arealet, fortel Jo Kjettil Strand. Han er dagleg leiar i både eigedomsselskapet og JKS Bil & Deler AS. Sistnemnde har drive bensinstasjonen og bilverkstaden i bygget sidan 2004, skriv Sunn hordland.no

I følgje Ivar Bunes (Sunnhordland) seier Jo Kjetil vidare at han primært ser for seg å leiga ut hyblane til arbeidsfolk som er på oppdrag i Fitjar, og at han ser at Fitjar mek. og andre verksemder køyrer folk til både Stord og Bømlo for å skaffa dei overnatting. -Det verkar som etterspurnaden etter hyblar er bra, synest Strand. Han hadde torsdag ikkje teke endeleg avgjerd om å byggja ut, men seier han reknar med det går den vegen.

Les meir på www. sunnhordland.no