Bandtvangen gjeld også for den korthåra vorsteren Lucius, som er både norsk, svensk, dansk og internasjonal champion. Arkivoto: Kjetil Rydland.

I dagens pressemelding ønskjer ordførar Harald Rydland å minna om at det er bandtvang for hund frå 1. april.

– Dette har ikkje så mykje med koronasmitte å gjera, men me tek det med likevel, skriv ordføraren.

Her er han på linje med Veterinærinstituttet, som held fast på vurderinga om at husdyr og kjæledyr ikkje utgjer ei smittekjelde for covid-19.

Etter hundelova gjeld generell bandtvang frå 1. april til 20. august. Fitjar kommune har eiga forskrift til hundelova, som inneber bandtvang for visse område heile året.

Forskrifta kan du sjå på Lovdata. Forskrift om bandtvang, Fitjar kommune, Hordaland.