Den årlege feiringa vart markert i Fitjartun og temaet spegla seg att i vakker bordpynt og fargerikt garn.

Husflidslaget med leiar Petra Espevoll og gode medhjelparar inviterte til handarbeidskafé i dag. Det er ikkje noko nytt at fitjarfolk møtest til strikkekveldar med mat og kaffi, men denne gongen var samveret lagt til laurdag føremiddag for å feire Husflidens dag.

Husflidslaget har som føremål å fremje god, norsk husflid, både kulturelt, sosialt og økonomisk. Det er ein kultur- og interesseorganisasjon. Laget på Fitjar har eksistert sidan tidleg på åttitalet, og Petra fortel om strikkekveldar, husflidsmesse og andre aktivitetar. Det blir lagt stor vekt på det sosiale når ein samlast med garn og strikkepinnar eller kanskje ei heklenål. Den gode drøsen høyrer med, ein får nye venner og kanskje hjelp til å forstå ei innvikla oppskrift. Dei som har lyst til å vere med, må følgje med på plakatar. Seks gonger i året klirrar det i strikkepinnar medan kaffilukta spreier seg i rommet og både eldre og yngre damer kosar seg i lag.

Mange av dei handarbeidsglade damene som møtte fram i dag er opptekne av å lage noko som kan bli til hjelp for andre. Fargerike teppe av ulike slag skal sendast til Ukraina saman med luer, vottar, lubber og skjerf. Det er i samarbeid med Sissel Jørgensen sitt fleir-årige prosjekt på Fitjar vidaregåande skule. Husflidslaget får også store pakker med lubber og småplagg som er laga av personar utanom laget. Dei vil så gjerne vere med og støtte eit godt føremål. Det trengs diverse utstyr til både barneheim og aldersheim i Ukraina.

Garn i mange vakre fargar var lagt fram, og dei som ville lage noko til den nemnde aldersheimen kunne få det gratis i dag. – Men mange private skaffar garnet sjølve, seier Petra. Husflidslaget har eit stort lotteri på messa i november. Inntekta går til prosjektet i Ukraina. Fleire av gevinstane var under arbeid i dag.

Petra minner om at Husflidslaget tek med takk i mot tekstil-teppe som kan bli til nytte for born eller vaksne som frys i eit land der nauda er stor.