Det var kanskje ikkje så mange direkte juleting, men mykje fin husflid var å sjå på julemessa i Fitjartun i år.

I tillegg var det trekkspelmusikk då me var innom på laurdag. Det sytte Harald Vik for, og den dugande musikaren kan meire enn å lage vakre tonar. Med seg hadde han både boka si, og ei rekke flotte akvarellar.

Martin Nygård selde nydelege juletekstilar for dottera si Marit som bur i Oslo, og Olav Bauge (far til Jorunn Torland) selde nydelege, dreidde trearbeid.

Alma Kjærland hadde satsa på englar i glas i år, og både fitjarladdane og rognebærgelèen var på plass i år òg.

På messa, som heldt til både oppe og nede i Fitjartun, var det elles mange vakre arbeid innan perling, strikking, vev, glas, akvarell, handlaga pennar og knivar.

Ei av utstillarane me snakka med kom frå Vinnesvågen, ei annan frå Haugesund. Sistnemnde som jobbar med glas, er med på mange messer, men var likevel i Fitjar på sjuande året i år. – Ei liten, men kjempekoseleg messe, seier ho om julemessa i Fitjartun.