Ikkje berre var Fitjartun fylt med spennande husflid og lokalproduserte godsaker. Til tider var det òg heilt fullt av folk under julemessa som starta i Fitjartun i dag.

Ei av dei som har vore med omtrent frå det starta er 88-årige Solveig Westerheim. Og det er berre imponerande kva ho maktar å tova og strikka gjennom året. – Eg har jo ikkje anna å gjera på, smiler ho smålåten når me skryt av den store produksjonen. Fitjarladdar er det ho sel mest av. – Det var Kari Ivarsøy som fekk meg til å begynne med det, fortel ho om den saka.

Hilde Volden de Fine har geiter. Dei klypper ho, og så sel ho ulla og kjøper garn tilbake. Skikkeleg flott Mohair-ull. – Kva er det som er så bra med mohair, undrar me og får vita at denne ulla er fire gonger så sterk og fire gonger så varm som vanleg ull. Slitesterk og mjuk er ho òg.

Oppe i 2. etasje finn me mellom anna fantastisk flott treskurd og rosemåling. Det er ekteparet Hildur og Einar Sæbø frå Haugesund som står for det. – Han jobbar i kjellaren, og så sit eg oppe og målar, seier Hildur. Ei dame som har fått fleire prisar på Dyrskue i Seljord for den flotte rosemålinga si.

Annlaug Rimbareid har laga eit lite hefte om bygg. – Bygg har vore det viktigaste næringsemnet i landet vår fram til midten av 1800-talet, og det er særs næringsrikt og helsefremjande, fortel heftet, mellom anna. I heftet er det elles mange spennande oppskrifter der bygg er sentralt mellom ingrediensane. Annlaug har òg mange gode byggprodukt å selja.

Elles vart Steinar Hystad av med mange eksemplar av den nye boka si «Då Langenuen var hovudveg», og det vart og selt fleire titals bøker av Magnar Kloster si Quizbok. Den nye Fitjarkalenderen 2011 fekk òg bein å gå på.

Endå er det mykje meir å få med seg. Me let bileta få fortelja sitt, og opplyser om at julemessa fortset i morgon frå kl. 13.00 – 17.00