Ein einebustad i Storevik i Koløyholmen vart i ettermiddag totalskadd ved brann.

Fitjar Brannvesen fekk sløkt brannen rundt klokka 16.00. Då hadde røykdykkarar for lengst gått igjennom huset og sjekka at ingen personar var inne.

Brannårsaka er førebels ukjend.