Klokka 01.40 i natt fekk politiet meding om husbråk og slossing i ein privat bustad i Sagvåg.

Politiet rykte ut og fekk roa ungdomane som hadde «heima åleine-fest». Ein 20-åring ville ikkje retta seg etter pålegg frå politiet og vart brakt inn til politihuset der han vart satt inn i drukkenskapsarresten. Han vart meldt for å ha forulempa politiet, melder operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.