Til all lukke var huseigaren heime då nokon sette ei kanne bensin framfor husveggen hans og tente på.

 

Dette skjedde klokka 14.45 i ettermiddag, og politiet i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt som dei siste månadene har opplevd ei serie med brannstiftingar i Haugesund, tek denne saka med stort alvor.

-Sjølv om me ikkje direkte kan setja denne saken i samanheng med brannstiftinga i Haugesund, er dette skremmande, og me vil halde fram med etterforskinga av denne saka, seier operasjonsleiar Svein Roald Vikse til fitjarposten.no.

Eigaren av huset som vart tent på, klarte sjølv å slukka brannen, men elden skal ha gjort omfattande skade på husveggen. Politiet har i kveld snakka med fleire vitne som dei vonar kan bidra med opplysningar i saka.