«En gang skal du reise med Hurtigruten. Du har jo sagt det», heiter det i reklamen. – Ja, gjer det. Og reis gjerne i gruppe, seier me.

Me gjorde det, og oppnådde både å få ein særs gunstig pris og å ha det fritt og sosialt kjempebra heile vegen. 

Bortsett frå dei eldste båtane MS Lofoten (frå 1964) og MS Nordstjernen (frå 1956) har alle dei andre båtane fantastiske dekk øvst oppe med panoramavindauge heilt rundt. På denne måten kan ein verkeleg få med seg naturopplevingane undervegs.  Har kan ein sitja å prate, lese, løyse kryssord eller sudoku  – eller berre nyta det som er å sjå langs den fantastiske kysten vår, ispedd god informasjon via høgtalaranlegget og purseren når me passerte spennande ting på styrbord eller babord side.

Me hadde basen vår på  øvste dekk (dekk 7) på MS Polarlys. Ikkje det at alle av oss sat der heile tida. Innimellom kunne me nytta trimrom, eller trimma ute på dekk 5. Her kunne ein går rundt heile båten. Gjekk ein rimeleg fort, kunne ei klara ein runde på rundt to minutt, og mange nytta seg av denne trimløypa, slik at all den gode maten ikkje skulle føra til unaudsynt vektauke.

Hadde ein behov for å trekkja seg tilbake for ein strekk, eller berre for å vera litt for seg sjølv, var det berre å ta seg ein tur i lugaren, og så ta seg ein tur opp på dekk 7 igjen for å ha nokon å dela god-opplevingane med.

Hurtigruten er eit skip der ein kan finna roen. Er ein ute etter partystemning og heftig disco er det ikkje desse båtane du dreg på tur med, sjølv om det vert servert levande musikk kvar kveld på desse båtane òg. Det er heller ikkje å leggja skjul på at dei aller fleste av passasjerane er i alderen 60 + og at brorparten av dei igjen er tyskarar.

Hyggjelege medpassasjerar

Nokon sa til oss på førehand at dei på tilsvarande turar hadde opplevd tyskarar både dominerande og med olboge-mentalitet i denne samanhengen. Det opplevde ikkje me. Høflege og hyggjelege folk så langt me opplevde dei. Også når me prøvde å snakke med dei på meir eller mindre ubehjelpeleg tysk.

Tidlegare har me berre reist korte avstandar med Hurtigruten. Denne gongen heile leia frå Bergen til Kirkenes og tilbake igjen. På grunn av at me var ei gruppe, reiste før vintersesongen var slutt og at reiseleiaren delte sin fribillett ut på alle dei andre, kom me ut med ein pris på under 10 000 kroner per person. Ikkje dårleg når prisen inkludererte 22 buffet-ar og 11 tre-rettars middagar.

Å sortere ut kva for stader me likte best, er ikkje lett. Det er naturperler langs heile norskekysten. For oss her i sør er likevel dei spesielle fjella frå Nordland og nordover, nordlyset, Lofoten og Nordkapp-platået spektakulært.

Mykje kunne me òg sagt om alle byane og dei mindre plassane me var i land på. Nokre på nord- og nokre på sørgåande tur. Mykje interessant med det meste.

Mest uventa var nok møtet med Hammerfest. Her er heile byen under renovering, mellom anna  som følgje av gode pengar frå Melkøya-prosjektet. Det meste skal vera ferdig til neste sommar, så då vert det nok ei heilt ny oppleving å vitja den nordlegaste byen i Noreg.

Vêret var me òg heldig med. Vindretninga var god og rulling var det lite av. Berre ein kveld vart nokon i gruppa vår litt sjøsjuke. Det var over Folla på sør. Stad og Hustadvika merkte vi lite til.

Gruppa frå Fitjar som var med på denne turen bestod av Jorunn Sørfonn, Sissel Våge, Torill og Håkon C. Hartvedt og Aslaug og Einar Waage. I gruppa vår på 14 var elles slekt og vener av Aslaug og Einar med. Ein flott gjeng som vart heise godt samansveisa etter kvart. Me er berre særs takknemlege for at me fekk vera med.