Skal ein tru reklamen, byr Hurtigruten på den vakraste sjøreisa i verda, og etter ein fire dagars tur Tromsø-Bergen er me langt på veg einige.

Dessverre er ikkje reisa med Hurtigruten kjend som den billigaste sjøreisa i verda. 12 dagar Bergen-Kirkenes tur/retur viser godt igjen på bankkontoen. Derfor har me sett etter eit alternativ som ikkje er så altfor dyrt. Kortversjonen Tromsø-Bergen kan ein kvar bankkonto tola.

Me legg ved ein del bilete som viser at reklamen ikkje tar munnen for full. Me fekk gråvêr gjennom Troms, men då me nærma oss Lofoten, skein det opp. Me fekk sjå dette øyriket frå si beste side, og Svolvær var verd heile turen åleine. Den vesle tettstaden ligg utruleg vakkert til, omgitt av sjø og høge, spisse fjell, blant desse den kjende Svolværgeita.

Men minst like spanande som naturen er eit museum som ligg litt anonymt til midt i sentrum av Svolvær. Grunnleggjar og dagleg leiar av Lofoten Krigsminnemuseum, William Hakvaag, arbeidde med samlinga i over 20 år før museet endeleg blei opna i 1996. Sjølv er han for ung til å ha opplevd krigen, men ikkje for ung til å ha kjent mange av dei som var med. Han er fødd og oppvaksen i Lofoten, og har har bygt opp ei heilt unik samling frå krigens dagar, spesielt frå Lofoten og Nord-Norge elles. Her blir fleire norske krigsheltar presenterte, blant andre oberst Birger Kristian Eriksen frå Moskenes i Lofoten. Han var kommandant på Oscarsborg festning 9. april 1940, og blei mykje omtalt i media for eit par månader sidan. Elles gjorde juletrekuler med hakekors og bilete av Hitler eit sterkt inntrykk. Det same gjorde møtet med grunnleggjaren av museet. Det er absolutt verdt å få med seg, anten du kjem til Svolver sjøvegen eller over land.

Ein komplett to vekers tur Bergen-Kirkenes retur verkar litt for dryg, både for bankkontoen og BMI-en. Men me tar gjerne turen tilbake til Lofoten, der me absolutt skulle hatt fleire dagar til rådvelde.


Midt på natta i Tromsø i midten av mai. Foto: Kjetil Rydland


Vinden blåser søte ord på Sortland i Vesterålen. Foto: Kjetil Rydland.


I godt selskap om bord på det gamle hurtigruteskipet «Finnmarken» frå 1956. Det står på land som ein del av Hurtigrutemuseet på Stokmarknes.


Ørna ventar på turistar som skal på havørnsafari med Hurtigruten. Foto: Kjetil Rydland.


Sola skin over Lofoten. Foto: Kjetil Rydland.


Ved kai i Svolvær. Foto: Kjetil Rydland.


Magic Ice Lofoten, med eit galleri av isfigurar, er vel verd eit besøk. Foto: Kjetil Rydland.


På Lofoten Krigsminnemuseum har grunnleggjar William Hakvaag samla den største utstillinga i Norge av uniformer og mindre gjenstandar frå den andre verdskrigen. Foto: Kjetil Rydland.