Fredag 20. mai kl 19.00 var det tillyst fest på Betania, Øvrebygda. Det var også sagt at det skulle være ei overrasking undervegs. Men det ikkje alle visste var at det skulle være brudevigsle.

Berit Karin Strand frå Sveio og Jan Åge Bernes frå Bøkeneset gav kvarandre sitt ja framfor ein nesten fullsett sal med menighetsfolk, slekt og vener av brudeparet og bygdefolk.

Kristi og Gjert Tolås frå Haugesund deltok med nydeleg song og musikk. Vigselmann var Frank Håvik, pastor i menigheten Nytt Liv Sunnhordland.

Folk i menigheten hadde pynta og stellt til eit stort kakebord som alle frammøtte var invitert til etter vigsla.