Håkon C. Hartvedt fyller 70 år 1. påskedag! Foto: Jonas Sætre/Stord24

Me i Fitjarposten gratulerer Håkon med dagen, og ynskjer den spreke pensjonisten mange aktive og lykkelege år.

I dag fyller grunnleggjaren av Fitjarposten, Håkon C. Hartvedt, 70 år. Det er vel to år sidan han gav frå seg Fitjarposten til nye eigarar på Stord, dei same som eig og driv nettavisa Stord24.

Eit tilbakeblikk på livet til mangfaldige Håkon viser ein mann som har hatt mange strenger å spela på.

Kateket og musikkskulestyrar

Håkon C. Hartvedt kom til Fitjar som lærar på Rimbareid skule i 1974. Han var då nett ferdig utdanna lærar på Stord, med vidareutdanning i norsk, kristendom og musikk. Han engasjerte seg snart i frivillig arbeid i Fitjar kyrkjelyd. Med song og musikk spreidde Håkon C. Hartvedt glede blant unge og eldre.

I 1976 blei Håkon den første styraren i musikkskulen i Fitjar, ei deltidstilling han kombinerte med undervisning i Fitjar-skulen. Og i 1978 begynte han i ei halvdagsstilling som kateket i Fitjar kyrkje. Journalisten i den nye kateketen hadde allereie vakna, og i september 1978 kom første nummeret av kyrkjebladet «Kva hender i Fitjar kyrkjelyd». No har dette blitt sendt til alle husstandane i Fitjar i over 40 år, og er ei unik kjelde til kunnskap om arbeidet i kyrkjelyden.

Journalist og forkynnar

I 1985 gjekk Håkon Hartvedt tilbake til heildagsstilling i Fitjar-skulen, men han heldt fram med mange av dei oppgåvene han hadde hatt som kateket. Blant anna starta han Ten Sing-kor i Fitjar og reiste rundt som forkynnar i Sunnhordland og Bergens-området. Håkon har alltid gitaren med seg når han er ute og reiser, og han har skrive over 200 songar.

Håkon C. Hartvedt har nok alltid hatt ein journalist i seg, og i alle år tok han frilansoppdrag for blant andre Dagen og Sunnhordland. Han har òg skrive eit tjuetals bøker, dei fleste med åndeleg innhald, men òg historie og humor. Alt dette kombinerte han med fulltidsstilling i Fitjar-skulen, til han gjekk av med pensjon for sju år sidan.

Fitjarposten

Håkon var framleis i full jobb som lærar ved Rimbareid skule då han starta opp Fitjarposten hausten 2005. Opptakten til avisa blei gjort i oktober på eit møte Hartvedt hadde med Ronald Hareide og brørne Odd Sverre og Vidar Larsen. I utgangspunktet tenkte dei mest på ei næringsavis, ikkje ei allsidig nettavis, som Fitjarposten har utvikla seg til med åra.

Redaktør Hartvedt og medskiparane var særleg opptekne av tre hovudpunkt, som Fitjarposten har halde seg til i alle år: 1) fitjaridentitet, 2) bindeledd for næringslivet og 3) ingen saker skal vera for små.

Den første papirutgåva kom ut 28. november 2005, men ikkje lenge etter begynte nettavisa så smått «å syna seg». Bakgrunnen var den sterke innsatsen til Ørjan Hatlevik i «Idol», og merksemda kring den utflytta fitjarbuen. Saman med sonen sin, Helge-Mikal, klarte Håkon å dekka innsatsen til Ørjan på Internett, og dei påfølgjande to åra utvikla nettavisa Fitjarposten seg litt etter litt.

Den 10. februar 2006 kunne me lesa på nettet: «Med 41 prosent av stemmene sanket Ørjan Hatlevik flest stemmer fra tv-seerne og gikk direkte til finalen.»

To år seinare hadde familien Hartvedt – Håkon, Helge-Mikal og Torill – samla ein heil stab om prosjektet Fitjarposten. Avisa utvikla seg til å bli ein viktig aktør i fitjarbygda, og for dette arbeidet fekk Håkon og Fitjarposten kulturprisen til Fitjar kommune i 2010.

Aktiv pensjonist

Om Håkon har gitt seg Fitjarposten, har han på ingen måte gitt opp sine aktivitetar som forkynnar, journalist og forfattar. Han reiser framleis rundt i distriktet med gitaren sin og held andaktar.

Han driv framleis Fitjarposten Forlag, som i desse dagar lanserer fleire bøker. Blant andre noteheftet «Hvile» og ei bok om songane til Lars K. Vik. Kjenner me Håkon rett, har han fleire prosjekt på gang!

Me gratulerer Håkon med dagen, og ynskjer den spreke pensjonisten mange aktive og lykkelege år!