Mellom tre og fire tusen besøkjande, og nær 900 hundar påmelde. Hundeutstillinga i Fitjar i helga er såvisst ingen pingleutstilling.

Så kom dei òg frå store delar av landet, både austfrå og sørfrå, hundeeigarane med sine hundar. Og det vart frisering, klargjering, bedømming og premiering, og eigarane var i alle fall ikkje mindre stolte enn hundane, etterkvart som premierosettane i forskjellige fargar blei tildelt hundane som utmerkte seg. Anten det var snakk om kor fine dei var eller om kor god lydnad dei synte. I alle fall var det eit yrande liv. Det einaste som overraska oss var at det var meir lyd av folka enn av hundane. Eit og anna bjeff høyrde me rett nok, men med så mange hundar til stades på ein og same plass, vart me storleg imponert over disiplinen. Og når hundane gjorde det ein ikkje skal på golvet i ein idrettshall, var arrangørar og eigarar kjapt på plass med samo og bæsjepose. Det heile var kort sagt utruleg godt organisert, noko ein av dei som var på Fitjar for 6. gong understreka. – Alltid like kjekt her, let det.

Berit Lund hadde tatt turen heilt frå Kristiansand med shetlands-sheepdog`ane, "Brio" og "Sana", og talte vel om både Fitjarbygda og utstillinga. Så var det heller ikkje vanskeleg å tala vent tilbake om hundane hennar. (Sjå biletet ovanfor). Utstillinga vert avslutta med finalar, søndag.

Kenneth Holm frå Bergen friserer "Spirit". – Fint på Fitjar, seier han. Foto: Håkon C. Hartvedt


-Kven er finast? Foto: Håkon C. Hartvedt


Janne Kråkenes i Aasheim Zoo på Leirvik tok med seg "heile butikken" til Kulturhuset.
Carina Nilsen (t.h) har kjøpt seg noko nytt fòr ho vil prøva ut. Foto: Håkon C. Hartvedt