Adventstida blei innleidd med brask og bram då butikkane heldt ope søndag ettermiddag, og mange hundre fitjarbuar såg juletreet bli tent.

Opne butikkar og tenning av julegrana 1. søndag i advent har etter kvart blitt ein kjær tradisjon i Fitjar. Og kjærare i år enn nokon gong før, etter det me kunne sjå, for fleire hundre fitjarbuar hadde funne vegen til sentrum for å få ein flying start på adventstida.

Som vanleg var Fitjar Skulekorps til stades og laga god julestemning for fitjarbuen. Dei blei med det store fakkeltoget – sikkert over 200 store og små – bort til Fitjar bu- og behandlingssenter. Her spela dei tradisjonelle julesongar til stor glede for bebuarane, som opna dører og vindauge for å sleppa stemninga inn. Framfor butikkane Thea Træet AS, Spar Fitjar og Varehuset Rydland spela korpset eit litt meit moderne repertoar. Det svinga godt av «Songen til julestjerna», «Last Christmas» og «Driving home for Christmas».

Tradisjonen tru var det ordføraren sin jobb å telja ned til tenninga av julegrana. Men først heldt Wenche Tislevoll ein kort appell. Ho ønskte alle ei god førjulstid, og minte oss om kor viktig det er at me ser kvarandre og viser omtanke. Ho nytta høvet til å takka handelsstanden og Fitjar Skulekorps. Ho retta og ein takk til Tore Sigurd Fitjar, som hadde levert det flotte juletreet.

Fitjar Skulekorps spela til seremonien, og nissar gjekk rundt med små gåver til dei minste. Og så blei det gang rundt juletreet til folk fann tida inne til å gå heim, kvar til sitt.

Ingressbilete: Fitjar Skulekorps spelar til tenninga av julegrana. Foto: Kjetil Rydland.